Regionale, nasjonale og internasjonale arrangementer. (For lokale kurs og arrangementer, se fylkeslagenes nettsider.)

- Dette event har allerede funnet sted.
«All Kids Can Succeed»
19. mai 2015 - 20. mai 2015
Sosial ferdigheitstrening: Effektive intervensjonar for åtferd og sosiale utfordringar
Helse Fonna v/Seksjon Habilitering og Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi Helse Vest, inviterer til 2 dagars seminar med Jed Baker Ph.D and Director of Social Skills Training Project in Springfield New Jersey.
Barn, ungdom og vaksne med autismespekterforstyrring og dei med åtferdsutfordringar har ofte vanskar med å regulere kjensler og å samhandla med andre. Workshopen med Jed Baker skildrar korleis ein kan takle samanbrot og korleis ein kan lage effektive åtferdsplanar for å hindre slike situasjonar og å redusere frustrasjon og angst. Det vil også vere fokus på å belyse strategiar for å motivere barn og ungdom til å ville trene på sosiale ferdigheiter, korleis generalisere ferdigheiter i naturlege situasjonar og auke aksept frå medelevar.
Informasjon vil bli gjeve gjennom undervising, øvingar og videoklipp.
Forelesinga vil bli haldt på engelsk.
Program
Dag 1:
1000 – 1030 Registrering og velkommen
1030 – 1230 Jed Baker: Korleis forstå sosiale vanskar og utfordrande åtferd.
1230 – 1330 Lunsj
1330 – 1630 Jed Baker forts.
Dag 2:
0900 – 1200 Jed Baker: Korleis trene sosiale ferdigheiter og lage gode planar.
1200 – 1300 Lunsj
1300 – 1500 Jed Baker forts.
Det vil bli lagt opp til små pausar utanom lunsj.
Etter kurset vil deltakarane kunne betre forstå årsaker til sosiale vanskar og utfordrande åtferd. Deltakarane vil ha lært seg strategiar for å effektivt møte samanbrot, og kunne lage gode og effektive åtferdsplanar for å hindre frustrasjon. Deltakarane vil også lære ulike måtar for å motivere, både verbal og non-verbal, barn, ungdom og vaksne til å ville sosialisere seg, og samstundes lære mange strategiar for å generalisere ferdigheiter. Det vil også vere fokus på at deltakarane skal lære korleis ein kan lage program for at medelevar skal akseptere elevar med funksjonssvikt og korleis medelevar kan modellere positiv åtferd.
Løpende påmelding. Last ned påmeldingsblankett her: All Kids can succeed
Kostnad:
- Seminaravgift: 1500 kr (inkludert lunsj, snacks begge dagane)
- Hotel: 1150 kr per natt, ved overnatting på Rica Maritim, Haugesund.
Påmeldingsskjema må sendast til e-post: habilitering@helse-fonna.no
Informasjon om kurset kan rettast til:
Siv Marie Øyjord e-post: siv.marie.oyjord@helse-fonna.no
Ingeborg Halvorsen e-post: ingeborg.halvorsen@helse-fonna.no
Autismeforeningen er ikke ansvarlig for aktiviteter som ikke arrangeres av Autismeforeningen.